søndag 1. mars 2009

Rondane - Del I

Dag 1 - Torsdag. Eg tok meg vinterferie. Eg hadde verken tid eller råd, men av og til har ein ikkje noko val. No var me klar. Bilen var pakka, med ski og pulk på taket og alt som ellers skulle til. Knut skulle sitje på med oss opp til Lillehammer, der me skulle ta toget vidare til Otta. Berre han ikkje har for mykje bagasje, håpa eg. Han hadde pulk og ein 130 liters sekk. Me stroppa pulken til taket, og klemte oss inn i baksetet med sekken i midten, og fôr til fjells.

I Lillehammer handla me, og rakk toget med om lag eitt minutts margin. Ikkje verst timing på ein sju timar lang biltur. Vel framme i Otta tok me ein drosje opp til Mysusæter, der me slo leir midt i hyttefeltet og venta på dei andre, som skulle komme neste morgon.

Teltleir på Mysusæter. Butikken i bakgrunnen.
Knut står ikkje i ro med hovudlykta.

Dag 2 - Fredag. Me hadde god tid. Egg og beikon til frukost. Dei andre ankom leiren vår kl. 10:15 og var me klar for å starte turen for alvor. Me var åtte stykk, medrekna turleiarane Jochem og Kim. Første del av turen (fredag-mandag) var planen å komme seg frå Mysusæter til Hjerkin. Der kunne dei som ville bli med vidare inn i Dovre for å bestige Snøhetta (tysdag-fredag).

Etter litt tråkking i laussnøen fann me løypa, og då var det grei skuring. Det var om lag 15 km å gå, og løypa var preparert heilt inn til Rondvassbu, som var dagens mål.

På veg frå Mysusæter til Rondvassbu

Fine løyper. Tobias nærmar seg Rondvassbu, med Svartnuten rett bak.

Der slo me leir litt vest for hytta. Eg, Tobias og Knut skulle dele telt, og me hadde fått klørne i femmannsteltet Svalbard. Luksus! Kvelden gjekk med til å konsumere wok med svinekjøt. Gelé og vaniljesaus til dessert. Me var tidleg i posen, planen var å komme seg opp kl 0600, for å nytta dagslyset fullt ut.

Teltleir ved Rondvassbu.

3 kommentarar:

  1. Algot! Fin blogg, jeg lette etter RSS feed, slik at jeg kan huske å stikke innom når det skjer noe, men det har du ikke.. :) Fine bilder nå venter jeg bare på RSS mulighet, så blir det lettere å huske å lese :)

    Ola

    SvarSlett
  2. Ola! RSS har ikkje eg peiling på, kossen funke det egentlig? Kjekt å sjå at nåken lese bloggen min :)

    PS: Likte monopod-idéen din! Ska prøvast ein dag :)

    SvarSlett

Post ein kommentar eller ei helsing her!